KONTOR/Handelskontoret

Fra hbrgeo

Handelskontor

Det hanseatiske handelskontor i Bergen er eksempel på det som frå 1500-talet blei kalla eit faktori. Eit faktori er ein handelsstasjon i ein by der handelsmennene kjem frå og er borgarar av ein framand stat eller statar. Systemet blei vanleg i Asia og Afrika der kjøpmenn frå dei Vest-Europeiske sjømaktene etablerte ei rekkje handelsstasjonar, kall feitoria på Portugisisk, Factorij på Nederlandsk. Men i hundreåra før hadde systemet blitt utvikla av hanseatiske kjøpmenn frå byane i Østersjøen. Tilsvarande samanslutningar av hanseatiske kjøpmenn , t.d. frå Lübeck, Rostock, Stralsund m.fl. etablerte handelskontor i byar i framande statar, som t.d. i Bergen, Novgorod og London.

Det viktigaste grunnlaget for det hanseatiske handelskontoret i Bergen rett til å eksportere tørrfisk mot ei plikt til å importere korn. Landområda ved Østersjøen mellom Lübeck (no i Tyskland) til Stettin (no Szczecin Polen) hadde stort overskot av korn, særleg rug. Ved Nordsjøen hadde byane Hamburg og Bremen (no i Tyskland) og Deventer (Nederland) stor interesse for tørrfisken frå Nordland.

På 1500-talet blei handelsavtalen om fisk mot korn utforma i recessar. Ein recess var eit møtevedtak, frå eit møte mellom den dansk-norske kongen hans riksråd og utsendingar frå nokre av hanseatiske byane. Byen Lübeck var den drivande på hanseatisk side. For dei hanseatiske byane var det viktig å få gode vilkår, kalla privileg, benådninger og rettar. Normalt galdt avtalen i den dansk-norske kongens levetid (styretid), og så måtte avtalen stadfestast av den nye kongen og eventuelt reforhandlast. Dette var normalt for alle privileg, om det galdt eigne kjøpmenn, byar eller privatpersonar. Kongen og hans riksråd stod samstundes under press frå andre grupper, særleg Bergen by og kjøpmenn frå England eller Nederlanda. Dermed kom det ofte skuldingar om brot på privilegia, t.d. skuldingar frå Bergen by at Hanseatiske kjøpmenn hadde kjøpt fisk i Finnmark og ikkje berre i Nordland (Lofoten). På 1600- og 1700-talet var i periodar nokre av Austersjø-byane under svensk kontroll, og derfor kunne krigssituasjon mellom Sverige og Danmark-Norge komplisere avtalane.

Etter at Hansadagen blei lagt ned som fellesorgan for dei Hanseatiske byane i 1660-åra, var det vanleg at kvar enkelt by forhandla fram avtalen om Kontoret i Bergen. Normalt skjedde dette ved at representantar for Lübeck forhandla ein avtale med den dansk-norske kongen, og denne avtalen blei deretter kopiert av andre byar, normalt Hamburg, Bremen, Rostock, Greifswald, Wismar og Stralsund. Til slutt var det byråda i dei enkelte byane godkjende avtalane kvar for seg. Avtalen blei kalla privileg for kontoret i Bergen. Behandlinga av privilegiet kunne ta forskjellig tid i dei ulike byane og byråda, derfor kan dei same privilegia ha forskjellig datering (t.d. 1671-73) frå by til by.

I 1670 døydde kong Fredrik III av Danmark og Norge og avtalen om Kontoret i Bergen måtte stadfestast på nytt. Dei fleste av momenta i denne avtalen blei ståande så lenge det hanseatiske kontor eksisterte. Avtalen omfatta handelsrettar, toll, ein visst sjølvstende innan religion, sosialomsorg, domsmakt, råderett over bygningsmassen , mål og vekt. Pliktene galdt ikkje berre kornforsyning med også plikt til å ha eit kornlager, informasjonsplikt til kongens representantar og Bergen by, og avgrensingar i handelen utanom Nordlanda, dvs. Vestlandet og Finnmark.

Hovedpunkta i avtalane mellom Kongen og dei einskilde byane var:

· By N.N . ved Kontoret i Bergen skulle uhindra kunne handle uhindra med Nordlandene (dvs. om lag Nordland Fylke) , men all handel med Bergenhus Amt (dvs. Sunnmøre, Sogn og Fjordane og Hordaland) låg til Bergen by. Kontoret hadde rett til å forsyne både Nordlanda men også Bergen med salt, men på same vilkår som alle andre utanlandske kjøpmenn (Hollendarar).

· Bergen by og Kontoret hadde i fellesskap rett til å handle nord for Bergen. Kjøpmenn frå andre land kunne ikkje gå lenger nord. Men Bergen by hadde forkjøpsrett (i tid, 14 og 6 dagar) på varer frå utanlandske skip utanom dei frå kontoret som kom til Bergen.

· Tollen på varer til Kontoret skulle vere den same som innanlandsk toll, dvs. som for varer frå andre delar av kongens rike (Danmark og Norge).

· Kontoret utgjorde ei eigen jurisdiksjon. Rettstvistar innan Kontoret og som galdt innan kontoret skulle også dømmast der. Kontoret fekk også rett til å ha eige mål og vekt og med eigen kontrollør.

· Religion: Kontoret utgjorde eit eige kyrkjesokn, med to kyrkjer og fattighus. Kontoret skulle sjølv tilsette prestar og betjentar, men dei skulle godkjennast av biskopen i Bergen. Biskopen i Bergen skulle også ordinere prestane, medan kallsretten låg til byane (Lübeck).

· Kontoret rådde sjølv over bygningane og sto fritt til å endre eller oppføre nye hus og bygningar så lenge dei betalte leige for tomtegrunnen og det ikkje hindra forsvaret av byen.

· Av brannomsyn skulle området mellom byen og kontor-området, dvs. allmenningen og Øvregaten skulle vere fri for bygningar. Ingen borgarar av byen Bergen skulle kunne byggje hus inn mot kontor-området.

· Ingen handelsbetjent (handelsforvaltar) skulle kunne få innvilget borgarskap i Bergen og bli borgar av Bergen by, utan rettmessig og lovleg avskjed frå principalen. Principalen var den hanseatiske kjøpmannen i heimbyen som eigde handelsstuen på Kontoret.

· Byane avtalen galdt for skulle kvart år levere opplysningar om eigne kjøpmennene som var del av handelsavtalen.

· Kontoret plikta å halde eit tilstrekkeleg lager av korn

· Dei kontoriske spela, dvs. ritualer ved opptak av nye drengar og gesellar, var forbodne og skal avskaffast.

· Kongen hadde rett til å endre vilkåra i avtalen.

Privileg gitt til byen Lübeck av den dansk-norske kongen 30. april 1673. Tilsvarande avtale var alt gitt til Rostock i 1672, Hamburg i 1671. Kontor-privilegia frå 1671-73 blei stadfest i 1707, 1732 og 1747 etter kongeskifta. Etter at Fredrik 5 døydde i 1766 blei privilegia ikkje fornya og det tyske kontor opphørte dermed.