Forskjell mellom versjoner av «KONTOR/Bryggen»

Fra hbrgeo
Linje 35: Linje 35:
  
 
=Gardar og handelsstuer=
 
=Gardar og handelsstuer=
Kontoret var ein samanslutning av handelsstuer. Handelsstuene var organisert i bygardar. Den vanlege bygarden bestod bygningar som omkrinsa eit gardsrom. Det opne gardrommet blei kalla "garden", medan heile komplekset av gardsrom, bygningar og grensemarkeringar fekk eit eigenamn, t.d. Holmedalen eller Bellgården.  
+
Det såkalla "norske kontor" var ein samanslutning av handelsstuer. Handelsstuene var organisert i bygardar. Den vanlege bygarden bestod bygningar som omkrinsa eit gardsrom. Det opne gardrommet blei kalla "garden", medan heile komplekset av gardsrom, bygningar og grensemarkeringar fekk eit eigenamn, t.d. Holmedalen eller Bellgården.  
  
 
[[Holmedahlen_(1702)]]
 
[[Holmedahlen_(1702)]]

Revisjonen fra 27. feb. 2015 kl. 12:01

Bryggen etter 1702

«Kontoret», «Bryggen» og «Tyskebryggen»

«Bryggen» heiter i dag området mellom Vågen, Øvregaten og dei to almenningane Vetrliden og Dreggen. I hundreårsperioden frå kring 1850 til etter andre verdskrig blei området vanlegvis omtalt som «Tyskebryggen». Det var det offisielle namnet. I perioden frå 1600-talet fram til 1850 veksla namnet på området mellom Bryggen, Handelskontoret eller berre Kontoret. "Bryggene" vart dels brukt på sjølve kaiområdet. Namnet Tyskebryggen dukka opp kring 1820, og synest å ha blitt vanleg frå kring 1850. Det var då nesten 100 år sidan dei siste hanseatane og tyske kjøpmennen hadde forsvunne frå området. Namnet synest ha eit visst nostalgisk skjer over seg med aukande historieinteresse får den eldre garde av kjøpmenn. Dette skjedde samtidig med at frå kring 1860 kom området under sterkt press om regulering frå enkelte av eigarane. Med endringane i kommunikasjonar, skipsteknologi, varehandel vart Bryggen var umoderne og fekk dels andre bruk- og funksjonsområder enn tidlegare. Midt på 1860-talet var både infrastruktur og bygningane til hinder for ny økonomiske utvikling og vekst.

Bygningane

Etter brannen i 1702 hadde området 15 gårdar. I kvar «gård» var det «stuer» med tilhøyrande pakkboder og loft. Lovverket som regulerte området Bygtil 1866 var knytt til kvar av desse stuene. Dei stuene, normalt frå 2 til 6, som låg i same gard hadde nokre eigendomar felles. Eldhus, brygge og Vippebom. Tilsyn og vedlikehald av denne felleseigedomen var regulert etter vedtekter omtalt som «gardsrett». Ansvaret for felleseigedom alternerte mellom stueeigarane.

Det tyske (Hanseatiske) Kontor

Frå 1448 og utover 15- og 1600-talet var det tyske kontor regulert gjennom ein avtale gitt av den danske kongen etter forhandlingar med representantar (bergenfarersamanslutningar) frå sentrale hansabyar (t.d. Lubeck). Avtalen eller privileget regulerte forholdet mellom staten og handelskontoret og mellom handelskontoret og Bergen by. Avtalen blei kalla privileg eller recess. Avtalen måtte reforhandlast ved kongeskifte, fordi privilegiet var gitt av kongen personleg. Rett etter at ein ny konge var komen på trona, var det naudsynt for den som hadde eit privileg å søkje om stadfesting på gamle rettar og fridomar. Til ca. 1670 blei avtalen forhandla fram av hovudsakleg med representantar frå Lubeck på vegne av alle hansabyane. Etter at hansadagen blei lagt ned (siste i 1669) blei avtalen forhandla fram med kvar einskild by og galdt då denne byens borgarar. Prosessen med å fornye og stadfeste privilegiet gav grunnlag for å forbetre vilkåra. I denne forhandlingssituasjonen kunne hansabyane tenkje seg å gjere vilkåra betre, samstundes som t.d. Bergen by eller Trondheim by kunne tenkje seg å stramme inn handelsrettane for Kontoret. Kongen kunne også ha grunnar for å endre vilkåra. I denne prosessen opna andre aktørar, gjerne med motstridande interesser, å klage for å prøve å avgrense vilkåra til eigen fordel ("Lobbyverksemd" med eit moderne uttrykk). Slike klagar vil også innehalde påstandar om brot på privilegia, for å setje kontoret i eit dårleg lys hos kongen. Dermed kunne prosessen med stadfesting av den eldre avtalen dra ut. Til dømes døydde Christian den femte i 1699, medan avtalen om kontoret i Bergen først blei stadfest åtte år etter i 1707. Siste gong avtalane blei fornya var etter kongeskiftet i 1746 (Frederik 5). Avtalane blei ikkje fornya ved kongeskiftet i 1766 (Christian 7) og dermed opphørte det hanseatiske kontor.

Avtalen mellom kongen og dei hanseatiske byane gjorde at kontoret disponerte eit området, som dei sjølv administrerte, det utgjorde eit eige rettsområde med ein lågare rettsinstans, og dei hadde ein eigen administrasjon og organisasjon. Dels var det fritekne for skatteplikt til Bergen by, men hadde plikt til å delta i forsvar av byen (forsvarsplikt) og brannvern.

Med avtalen delegerte kongen både intern lovgjeving og lågare rettshandheving til kontoret sjølv. Desse føreskriftene og reglande blei omtalt som statutter og gardsrettar. Mange av desse kan karakteriserst som jus domesticus eller "husbondsrett" typisk også for hoffrettar eller godsrettar. Den delegerte lov- og rettsmakta regulererte verksemd internt på kontoret og mellom stuene internt i ein gard. Desse særlovene regulerte vakthald, gatebelysning og brannvesen, t.d. vedlikehald og bemanning av brannsprøyta.

Handelskontoret hadde eit rådet leia av oldermannen og to andre medlemmar. Kontoret blei administrert av ein fast sekrætær. Den faste sentraladministrasjonen, møta i kontorets råd og allmøte blei haldne på kjøpmannsstuen, sentralt i området til Kontoret.

Bryggen etter 1754-1866

Det tyske kontor

I 1746 døydde Christian 6. og i 1747 vart Kontor-privilegia (1673) stadfest og fornya, men det var berre fire av 58 stuer i eige av kjøpmenn frå hanseatiske byar.

Koporasjonen "de kontoriske"

I løpet av 1700-talet var dei fleste stueeigarane også borgarar i Bergen, og færre og færre stuer var eigd av kjøpmenn frå Hansabyar (principalar). Det blei også mindre vanleg at ein kjøpmann frå ein Hansaby stod for den daglege drifta av handelsstuen. Dermed oppstod den situasjonen at dei fleste stueeigarane ikkje var borgarar av ein hansaby, men borgarar av Bergen by. Kring 1750 var det så få stuer att med hanseatiske eigarar at det var stort behov for eit lovverk som regulerte den nye situasjonen. Dette lovverket kom med anordningen (føresegn, lovbestemmelse moderne tale) og artikler (vedtekter, husordensreglar) for handelskontoret i Bergen. Denne reguleringa har blitt omtalt som Kontorets grunnlov, og det har blitt framstilt som om det tyske kontor hald fram som det norske kontor. Dette er ikkje korrekt.

Anordning og artiklar regulerte regulerte verksemda internt på kontoret og forholda internt i gardane på kontoret. Det tyske kontor var definert ved ein statsrettsleg avtale mellom hanseatiske byar og den dansk-norske kongen. Med dagens juridiske språkbruk vil det derfor vere meir korrekt å kalle «anordninga og artiklar» for føresegn og vedtekt. Denne føresegna frå 1754 tilsvarte dei såkalla Kontorets "statuta", og i føresegna av 1754 sagt å erstatte statutta av 1672.

Med 1700-talets språkbruk er føresegna av 1754 gitt til "de kontoriske", ikkje til "Kontoret i Bergen". Denne nyansen er viktig. Med formuleringa "de kontoriske"

I Avtalane mellom dei hanseatiske byane og dansk-norske kongen var eit sentralt punkt at Kongen deligerte eit visst rettsleg mynde til kontoret sjølv. I tråd med dette utforma det hanseatiske kontor eigne statuta. I desse statuta inngjekk også det som har blitt kalla «gardsrett». Statuta var altså utforma av kontoret sjølv, og godkjent av Kongen.

Gardar og handelsstuer

Det såkalla "norske kontor" var ein samanslutning av handelsstuer. Handelsstuene var organisert i bygardar. Den vanlege bygarden bestod bygningar som omkrinsa eit gardsrom. Det opne gardrommet blei kalla "garden", medan heile komplekset av gardsrom, bygningar og grensemarkeringar fekk eit eigenamn, t.d. Holmedalen eller Bellgården.

Holmedahlen_(1702) Jacobsfjorden_(1702) Bellgaarden_(1702)

Fredningsvedtaket 1927

I 1920 la riksantikvaren fram forslag for Kirke- og undervisningsdepartementet om ein lov om Bygningsfredning. Bakgrunnen var at forminnelova, lov om fredning av faste forminne fra oldtid og mellomalder, ikke gav automatisk fredning av private og offentlige bygg fra tida etter 1536 (utgangen av mellomalderen). Bygninger av kulturhistorisk interesse og verdi fra perioden etter 1536 hadde dermed ikke eget fredningsvern. Lovforslaget ble lagt fram av Statsråden for Stortinget som vedtok loven (Lov om bygningsfredning 3. desember 1920). I følge loven skulle det utarbeides register over bygninger eldre enn 100 år i to klasser, A. Fremragende bygninger der nedriving eller vanrøgt ville være et betydelig nasjonalt tap og B-bygninger, bygninger som var av mindre vesentlig verdi, men ønskelig å bevare. En nasjonal antikvarisk bygningsnemnd hadde myndighet til å innstille bygninger som klasse A eller klasse B. I tråd med loven ble flere bygninger i Bergen fredet i 1927, m.a. Det gamle Rådhuset, Stiftsgården, flere bygninger i Strandgaten og følgende eiendommer på Bryggen: Finnegaarden 1 a-b, 2a og 6a. Holmedalsgaarden 1-7, Belgaarden 1-3, Jacobsfjord 4,5,6 og 8, Svendsgaarden 1-5, Bredsgaarden 1-7, Enhjørningegaarden 1-4, Bugaarden 1-6, Engelgaarden 1a-c, 2 og 3, Søstergaarden 1-4 og Guldskogaarden 1-2. Fredningsvedtaket av 23. april 1927 ble tinglyst 27 mai samme år. Dermed var hele Bryggen fra Nikolaikirkealmenningen til Dreggsalmenningen fredet.

Kilder

SAB, Byfogd og byskriver, Pantebok, Protokollnummer: II.B.a.103 http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=12695&uid=ny&idx_side=-394

Nasjonalbiblioteket, Statsmaktene, Stortingsforhandlinger del 3 1920, Ot. Prop. 4, http://www.nb.no/statsmaktene/nb/f25a90e343e4845bc482f99f0be7713c?index=0#23