KONTOR/Bryggen

Fra hbrgeo
Revisjon per 22. feb. 2015 kl. 14:51 av Hhiso (diskusjon | bidrag)

Bryggen etter 1702-54

«Kontoret», «Bryggen» og «Tyskebryggen»

Området mellom Vågen, Øvregaten og dei to almenningane Vetrliden og Dreggen omkranser området i dag kalla «Bryggen». I hundreårsperioden frå kring 1850 til etter andre verdskrig blei området vanlegvis omtalt som «Tyskebryggen». I perioden frå 1600-talet fram til 1850 veksla namnet på området mellom Bryggen, Handelskontoret eller berre Kontoret. "Bryggen" vert dels brukt på sjølve kaiområdet. Namnet Tyskebryggen dukkar opp kring 1820, synest å ha blitt vanleg frå kring 1850. Namnet synest ha eit visst nostalgisk skjer over seg med aukande historieinteresse får den eldre garde av kjøpmenn. Dette skjedde samtidig med at frå kring 1860 kom området under sterkt press om regulering frå enkelte av eigarane. Med endringane i kommunikasjonar, skipsteknologi, varehandel vart Bryggen var umoderne og fekk dels andre bruk- og funksjonsområder enn tidlegare. Midt på 1860-talet var både infrastruktur og bygningane til hinder for ny økonomiske utvikling og vekst.

Bygningane

Etter brannen i 1702 hadde området 15 gårdar. I kvar «gård» var det «stuer» med tilhøyrande pakkboder og loft. Lovverket som regulerte området Bygtil 1866 var knytt til kvar av desse stuene. Dei stuene, normalt frå 2 til 6, som låg i same gard hadde nokre eigendomar felles. Eldhus, brygge og Vippebom. Tilsyn og vedlikehald av denne felleseigedomen var regulert etter vedtekter omtalt som «gardsrett». Ansvaret for felleseigedom alternerte mellom stueeigarane.

Det tyske (Hanseatiske) Kontor

Frå 1448 og utover 15- og 1600-talet var det tyske kontor regulert gjennom ein avtale gitt av den danske kongen etter forhandlingar med representantar frå sentrale hansabyar og bergenfarersamanslutningar (t.d. Lubeck). Avtalen eller privileget regulerte forholdet mellom staten og handelskontoret og mellom handelskontoret og Bergen by. Avtalen blei dels kalla privileg eller recess. Recess Avtalen måtte reforhandlast ved kongeskifte, fordi privilegiet var gitt av kongen personleg. Til ca. 1670 blei avtalen forhandla fram av hovudsakleg med representantar frå Lubeck på vegne av alle hansabyane. Etter at hansadagen blei lagt ned (siste i 1669) blei avtalen forhandla fram med kvar einskild by og galdt då denne byens borgarar. Prosessen med å fornye og stadfeste privilegiet gav grunnlag for nye forhandlingar. I denne forhandlingssituasjonen kunne hansabyane tenkje seg å gjere vilkåra betre, samstundes som t.d. Bergen by eller Trondheim by kunne tenkje seg å stramme inn handelsrettane for Kontoret. Kongen kunne også ha grunnar for å endre vilkåra. Rett etter at den nye kongen var komen på trona, var det naudsynt for den som hadde eit privileg å søkje om stadfesting. I denne prosessen var det også vanleg at andre aktørar, gjerne med motstridande interesser, å klage for å prøve å avgrense vilkåra til eigen fordel ("Lobbyverksemd" med eit moderne uttrykk). Slike klagar vil også innehalde påstandar om brot på privilegia, for å setje kontoret i eit dårleg lys hos kongen. Dermed kunne prosessen med stadfesting av den eldre avtalen dra ut. Til dømes døydde Christian den femte i 1699, medan avtalen om kontoret i Bergen først blei stadfest åtte år etter i 1707. Siste gong avtalane blei fornya var etter kongeskiftet i 1746 (Frederik 5). Avtalane blei ikkje fornya ved kongeskiftet i 1766 (Christian 7) og dermed opphørte det hanseatiske kontor.

Avtalen mellom kongen og dei hanseatiske byane gjorde at kontoret disponerte eit området, som dei sjølv administrerte, det utgjorde eit eige rettsområde med ein lågare rettsinstans, og dei hadde ein eigen administrasjon og organisasjon. Dels var det fritekne for skatteplikt til Bergen by, men hadde plikt til å delta i forsvar av byen (forsvarsplikt) og brannvern.

Med avtalen delegerte kongen både intern lovgjeving og lågare rettshandheving til kontoret sjølv. Desse føreskriftene og reglande blei omtalt som statutter og gardsrettar. Mange av desse kan karakteriserst som jus domesticus eller "husbondsrett" typisk også for hoffrettar eller godsrettar. Den delegerte lov- og rettsmakta regulererte verksemd internt på kontoret og mellom stuene internt i ein gard.

Desse særlovene regulerte vakthald, gatebelysning og brannvesen, t.d. vedlikehald og bemanning av brannsprøyta. Særlovene regulerte også forholda internt på handelskontoret.

Handelskontoret hadde eit rådet leia av oldermannen og to andre medlemmar. Kontoret blei administrert av ein fast sekrætær. Den faste sentraladministrasjonen, møta i kontorets råd og allmøte blei haldne på kjøpmannsstuen, sentralt i området til Kontoret.

Bryggen etter 1754-1866

Det tyske kontor

I 1746 døydde Christian 6. og i 1747 vart Kontor-privilegia (1673) stadfest og fornya, men det var berre fire av 58 stuer i eige av kjøpmenn frå hanseatiske byar.

Koporasjonen "de kontoriske"