KONTOR/Historiskmatrikkel
Fra hbrgeo
Grunntakst 1778 | Branntakst 1797 | Pantebok 1802 | Matrikkel 1887 | Matrikkel 1985 |
---|---|---|---|---|
9.1: Hilbrandt Harmens | 2699 | 9.1: Hilbrandt Harmens | Holmegaarden 1: Bernt Frieles sønner | 167/1605, 167/1606 |
2: Madam Warnecke | 2699 | Lagt til nr. 1 | Holmegaarden 2: Ditlef Martens | 167/1611 (Usikker) |
3: Wilhelm Oppermann | 2700 | 3: Christopher Weideman | Holmegaarden 3: Herman Friele | 167/1608, 167/1607 |
4: Ernst Bong | 2701 | 4: Erentz Bonge | Holmegaarden 4: Fredr. Ameln | 167/1609 |
5: Jacob Bertelsen Rieck | 2702 | 5: Petter Koren | Holmegaarden 5 J.C. Martens & Co | 167/1610 |
6: Felles eiendom | 2703 | 6: Felles eiendom | Holmegaarden 6: Felleeiendom | 167/1602. 167/1536 |
Grunntaksten 1778 etablerte faste nummer for Bergen by. Hus og grunn i dei 24 rodene, bodene i Skuteviken, bodene i Sandviken og Handelskontoret (Bryggen) fekk faste nummer. Innafor kvar av desse fem områda fekk hus/grunn faste nummerseriar som tok til med "1". For Handelskontoret (Bryggen) blei Finnegaarden tildelt nr. 1, og innafor kvar av gårdane blei stuene tildelt nummer frå 1 til 7, felleeigedomen fekk alltid siste og høgste nummer innafor gården.
Branntaksten 1797 var den fjerde i rekkja av branntakstar sidan 1767. Branntakstane skulle ha løpande nummer for heile byen frå 1 til ca. 3000. Nummeret blei endra frå ein takst til neste, men frå 1797 blei brantakstnummera faste.
Panteboka 1802-06 er det første realpanteregisteret for Bergen. Realpanteregisteret var organisert etter grunntaksten 1778 og brukte same nummersystem. I tillegg blei eigedomar ført inn med det korrepsonderande branntakstnummeret etter branntaksten 1797.
Ved matrikkelen-revisjonen i 1887 blei nummerseriarane i grunntaksten 1778. Matrikkelen 1887 var basert på gatenamn og gatenummer. For området tyskebryggen blei gaardsnamnet brukt som gatenamn. Dei enkelte eigedomane fekk gatenummer som tilsvarte nummeret etter grunntaksten 1778 = panteboka 1802.