Fra: Kristin Guldbrandsen Frøysa Sendt: torsdag 19. september 2019 10:52 Til: Harald Walderhaug; Finn Gunnar Nielsen; Geir Ersland; Vidar Remi Jensen; Birthe Gjerdevik; Bjørn Tore Hjertaker Kopi: Gunn Mangerud Emne: RE: Arbeidsgruppen for revidert studietilbud i energi . utkast til rapport. Vedlegg: Utkast_Rapport fra arbeidsgruppen for revidert studietilbud i energi 0809 kgf.docx Oppfølgingsflagg: Follow up Status for flagg: Fullført Hei! Takk for invitasjon til å kommentera på dette framlegget. Eg legg ved dokumentet med kommentarane mine. Eg syns strukturen med to år felles og så spesialisering er god. Kommentarar: Eg syns ikkje nokre fag skal vera ekslusive for energistudentane. Eg forstår ynsket om å laga kullkjensle, men det bør gjerast på andre måtar enn eksklusive kurs. Vi må utnytta den undervisningskapasiteten vi har best mogleg, og la motiverte og kvalifiserte studentar for få følgja dei kursa dei vil. Kullkjensle kan også vippa over i klikkar og at dette vert ei lukka og litt isolert gruppe. Det tverrfaglege bør i størst mogleg grad ivaretakst ved at studentane følgjer ordinære fag på andre institutt/fakultet. Å samarbeida med juss/HF/SV-studentar vil gje god trening i å forstå andre disiplinar og fagtradisjonar, og vil gje nyttige kontaktar til seinare. Dersom studentane får eit spesialkurs innan tverrfaglege emne berre for dei, vil det ikkje gje same utbyte. Det vil vera nyttig for studentane å ha størst mogleg fagleg nettverk frå studiet også frå andre fakultet. Det er viktig at alle fag har substans og at ingen fag vert «pratefag» med litt om alt. Studietida er for dei fleste den einaste gongen folk har tid til å fordjupa seg og å arbeida konsentrert med eit tema. Eg trur derfor generelt at det viktigaste er at studentane i størst mogleg grad brukar tid på fagleg fordjuping. Breidde er lettare å få på plass i yrkeslivet. Eg saknar sol og hydrogen som tema. Dette er tema med stort fokus i samfunnet, og tema der UiB har kompetanse. Begrepet kjemiske energiløsninger kommuniserer ikkje så godt til ikkje-kjemikarar, sjølv om det er presist. Her bør ein finna eit namn som det er lettare å forstå kva som ligg i dette, for eksempel ved å lista dei viktigaste temaene. Kristin Kristin Guldbrandsen Frøysa, dr. scient. Energy director University of Bergen Cell phone +4748022045 Email kristin.froysa@uib.no From: Harald Walderhaug Sent: Sunday, September 8, 2019 6:57 PM To: Kristine Breivik ; Ørjan Totland ; Pinar Heggernes ; Tor Eldevik ; Øyvind Frette ; Knut Børve ; Ingunn Hindenes Thorseth ; Sigmund Selberg ; Nils Gunnar Kvamstø ; Helge K. Dahle ; Gunn Mangerud ; Anne Marit Blokhus ; Elisabeth Muller Lysebo ; Gunnar Larsen ; 'administrasjonssjefer@mnfa.uib.no' Cc: Kari Nordvik ; Ingrid Christensen ; Amund Måge ; Kristin Guldbrandsen Frøysa ; Bjørn Tore Hjertaker ; Geir Ersland ; Vidar Remi Jensen ; Finn Gunnar Nielsen ; Birthe Gjerdevik Subject: Arbeidsgruppen for revidert studietilbud i energi . utkast til rapport. Hei alle; Som annonsert på instituttledermøtet onsdag vedlegges her utkastet til rapport fra arbeidsgruppen for energiutdanning. Vi ønsker oss innspill til rapportutkastet innen 18. september på forhold som: * Overordnet faglig profil * Emnesammensetning og plassering * Navn på studieretninger * Andre innspill/mangler For å rekke høstens frist for å behandle studieplanendringer og deretter melde inn et revidert program til vårens utlysning i Samordna opptak, må vi sette en kort frist, og ber om å få instituttenes innspill senest 18. september. Vi vil imidlertid kunne jobbe videre med detaljene også en stund etter dette. Denne forespørselen vil også bli sendt ut til instituttene via Ephorte. På vegne av arbeidsgruppen, Harald (leder) og Birthe (sekretær)